fredag 2. september 2011

Har du lyst til å forevige minnet om den store, tunge magen? Då gjer du som meg, kjøp vaselin og ei eske med gips, og gris i veg. Det kan vere godt med ei hjelpande hand når heile skalet nermar seg ferdig og løsnar frå magen, det heile kan fort virke ein smule uhandterlig, men det går fint.
Du kan lakke magen, pusse den, eller male den. Eg har ikkje gjort noko med den, og tvilar på at eg kjem til å gjere noko no, nesten to år etter, men du kan jo gjere noko fantasifullt med den.

Magen min heng på soverommet, ikkje noko eg har lyst å ha hengande i stova akkurat, men det er litt koselig å sjå på den og tenke at det ein gang låg ein baby inne i den. Eit skal av magen, som ein gang var så stor.

1 kommentar: