mandag 5. september 2011

Babypose.



Denne mjuke og gode babyposen skulle eg strikke til Tobias, men blei aldri heilt ferdig, mangla hette. Etter nesten tre år klarte eg å få ferdig hetta (rart kor mykje ork små ting kan vere) og posen blei akkurat klar til Tuva kom.

Brukte ingen oppskrift på denne, så den blei til mens eg strikka. Hetta blei derfor litt stor, og armane litt lange, men kva gjer vel det når Tuvisen tar seg så godt ut i koseposen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar