tirsdag 21. februar 2012

ENDELIG!


I postkassa i dag låg min heilt egne Picklesbok. No har eg 30 fine strikkeprosjekt eg kan kose meg med, i bokform. Kanskje er eg gammeldags, men eg liker no best å ha noko håndfast å sjå etter, og så elske eg å ha bøker ståande, som eg kan ta fram no og då og berre bla i. Lykke!

Enkel genser med hette



  Etter oppskrift på Picles.no, som opprinnelig var ein enkel kittel med hette, har eg strikka denne genseren til Tuva. Ho ville ikkje ha den på seg, har vel tatt etter broren som nekter å ta på seg strikketøy! Han har heldigvis blitt flinkere, og vil veldig gjerne gjøre mammaen fornøyd, så eg kan jo håpe at denne trenden snur hos ho også. Ho var uansett veldig fin i den, synst mammaen, så eg håper ho vil bruke den litt.