mandag 18. juni 2012

Morosam oppbevaring for småskrot.

Ein dag kom eg over bloggen, SignePling, der eg blei inspirert til å lage desse oppbevaringsglasa. Med skapet fullt av tomme glas, ein sprayboks i boden (ikkje førstevalg av farge, men det funker), og ein snill gut som velvillig gir meg nokre av leikedyra sine (dei han liker minst såklart), var det berre å sette igang. 
Spraya tre lag før sprayen var tom, kunne nok fått eit ekstra lag, men det ser ein kun på veldig nært hold.

Veldig fornøyd med å kunne pryde stova med desse sjarmtrolla (visse synst dei er for barnslige for ei stove, og at dei heller høyrer heime på barneromma, men eg er i mot!).
Har fått plass til alle perlesmykkene som blir med heim frå barnehagen, knappar eg klipper av her og der, sytråder, neglelakkar, små kort, ja sånt som til vanlig flyter rundt i leiligheita her. 
Ingenting er som organisert rot :)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar