søndag 6. februar 2011

Pallebord.





Endelig har eg fått laga meg eit pallebord! Planen var egentlig å beise det, men når eg først er igang kan eg ikkje vente, så da tar ein det ein har i hus. Blanda litt svart i kvitmåling, og blei ganske fornøyd med resultatet.
Altså; ein liten palle, slipemaskin, litt måling, bein fra ikea, spiker og ståltråd er det som skal til, og visst ein legg til litt tiltak er plutselig bordet fiks ferdig. Det beste med heile bordet er at det byr på vin og sjokolade til ei einsom dame på ein fredagskveld. Lykke.

5 kommentarer:

  1. Superfint! Eg har utvikla et komplisert og ikkje særlig godt forhold til vårt fasettslipte, høgglansdrittbord. Så eg må kanskje ta med meg ein palle heim fra jobb og lage sånt eg også. Spørs om mannen blir heilt fornøgd, bare...

    SvarSlett
  2. Prøv! Martin blei positivt overraska, skal vel kanskje ikkje mykje til, det er jo tross alt ein palle det er snakk om.
    Det som er bra at det er billig og lett å lage, og i verste fall får du solgt det på finn til 1500(om det er store pallar det er snakk om), verdt å prøve ;)

    SvarSlett
  3. Likte det veldig godt. Men bordet er tett oppå? Er det ikke mellomrom mellom plankene i slike paller?

    SvarSlett
  4. Som oftest er det vel det, men ikkje i denne. Det finnes nok mange varianter av pallene. Det er bare å leite;)

    SvarSlett