søndag 3. juli 2011

Gamle kasser, boss eller gull?



Ja, eg har fått kassedilla, og her er dei nyaste og finaste kassane mine. Fant dei i kjellaren til min kjære svigerfar, reine skattekammeret. 4 hjul skal på og vips - leikekassar! Boss for svigerfar, gull for meg.



Resultatet:

Etter å ha latt meg inspirere av flinke Tonje på Tyrisol, har eg no komt igang med bestemorruter. Skulle prøve å lage ei rute med restegarnet mitt, noko som no har blitt til fem. Kva skal eg laga av desse rutene, som eg eigentleg ikkje likar fargesamansetningen på? Noko større enn ei pute blir det nok ikkje da eg ikkje pleier å holde ut så lenge med slikt rutearbeid, men morro å prøve.



Den gang vi kom til verden da fikk vi en presang,
et nøste med vår skjebne, og ingen vet hvor lang.
Da la vi alle masker opp til livets strikketøy,
der vil det stå i mønsteret når vi jukset og vi løy.




mandag 27. juni 2011

Unnskyldning.

Eksamenstida er over og eksamenstid betyr kreativ blomstring. Det dumme er at når sommarferien endelig er her så har tiltakslysta dabba av, da er det latmannslivet som slår inn. Vil berre inn her og sei at eg har planar, plutselig så har eg laga noko :)

søndag 6. februar 2011

Pallebord.





Endelig har eg fått laga meg eit pallebord! Planen var egentlig å beise det, men når eg først er igang kan eg ikkje vente, så da tar ein det ein har i hus. Blanda litt svart i kvitmåling, og blei ganske fornøyd med resultatet.
Altså; ein liten palle, slipemaskin, litt måling, bein fra ikea, spiker og ståltråd er det som skal til, og visst ein legg til litt tiltak er plutselig bordet fiks ferdig. Det beste med heile bordet er at det byr på vin og sjokolade til ei einsom dame på ein fredagskveld. Lykke.

fredag 26. november 2010

Fløytekarameller til jul.


KNALLGODE FLØYTEKARAMELLAR:

50 gram smør
3 dl sukker
2 dl kremfløyte
3 dl matfløyte
1,5 dl sirup
1 ss vaniljesukker

Bland alt i ein kjele, og la det koke på lav varme, uten lokk i ein time, eller til konsistensen er passe tjukk. Rør av og til.
Legg karamellrøra til avkjøling på eit bakepapir.
Avkjølte karamell delest opp og pakkast inn i fin innpakning, eller i aluminiumspapir som eg brukte.

Tips: Ta ei ss med kaldt vatn i, drypp litt av karamellrøra oppi skeia, og du vil då sjå kor mjuk/hard karamellen blir når den er avkjølt, på denne måten kan du sjekke om karamellen skal kokes meir, eller om den er ferdig. Da får du bestemme om du vil ha hard eller mjuk og tyggbar karamell.

(Oppskrift og tips fra Anne Liv)

tirsdag 23. november 2010

Lag din egen juledekor.

Jula står i fokus for tida, kakemenn er bakt, karameller skal straks lages, og julepynten er under utarbeiding. JA, eg er tidlig ute i år, men får utnytte det når eg har tid. Har ikkje så mykje julestasj, og i år blir det litt jul i heimen, for første gang. Det er da man må lage pynt:



Adventstaken er laga av ei gammal brødform, papir, tråd, gran, kongler, kubbelys og tall kjøpt på kremmerhuset.







Alternative julekorger. Bruk det du kan finne av fint gavepapir, sider fra interiørblader, det ein likar. Berre fantasien som set grenser her. Billig julepynt!


Har fått julegreina opp på veggen. Er veldig fornøyd med greina mi, som har fått litt tidlig pynt av minste guten i huset, han meinte det var på sin plass.