Viser innlegg med etiketten Annet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Annet. Vis alle innlegg

tirsdag 21. februar 2012

ENDELIG!


I postkassa i dag låg min heilt egne Picklesbok. No har eg 30 fine strikkeprosjekt eg kan kose meg med, i bokform. Kanskje er eg gammeldags, men eg liker no best å ha noko håndfast å sjå etter, og så elske eg å ha bøker ståande, som eg kan ta fram no og då og berre bla i. Lykke!

tirsdag 3. januar 2012

Hekler og strikker smått og stort,

men får det ikkje lagt ut bevisa her. Det er vel ei blanding av latskap og at eg har mykje anna å tenkje på, men håpar på å komme sterkare tilbake snart. No er første steg å endelig få meg ei utdanning, så kan eg kanskje få litt inspirasjon til å blogge igjen etter det, eller kanskje det rett og slett kjem med vårsola. Vi får sjå.

mandag 27. juni 2011

Unnskyldning.

Eksamenstida er over og eksamenstid betyr kreativ blomstring. Det dumme er at når sommarferien endelig er her så har tiltakslysta dabba av, da er det latmannslivet som slår inn. Vil berre inn her og sei at eg har planar, plutselig så har eg laga noko :)

mandag 22. november 2010

Eg er ingen liten lort.

Begynner med små skritt og lager meg min egen lille hobbyblogg.
Er ein kreativ sjel, har det nok i blodet etter mine flotte, kreative foreldre. Etter ei lang stund utan tid til mine kreative evner, kjenner eg at det presser litt på, og derfor opprette eg no denne bloggen som eit vindu ut i verda, for dei som skulle ynskje å sjå.

Kunsten og måleri er det eg har drevet med mest, men av ulike grunnar har eg lagt det på hylla for ei stund. Imens kosar eg meg med dei små ting, som strikkepinnar, saks og lim, symasking, heklenål, matlaging og det som kan håndteres fra sofakroken, eller ved kjøkkenbordet/benken.