tirsdag 27. september 2011

"Slynge"


No har eg endelig sydd "slynga" til Tobias. Det blei knute på sidan eg sydde den for lang og ikkje har orka å fikse problemet enda, men den funker visst fint likevel.


Kosebukse strikket etter nøstebarnmønster (nesten i alle fall).







tirsdag 13. september 2011

mandag 12. september 2011

Ikeabukse

Denne buksa og hua sydde eg til Tuva når ho var mindre, og får eg ånden over meg skal eg sy ei ny til ho så snart symaskina kjem fram på stovebordet igjen. Stoffet er kjøpt på ikea, skulle egentlig berre prøvesy, men det enda altså opp med å bli ei bukse, ei godt brukt bukse. Neste gang blir det nok eit anna stoffvalg, får ta meg ein liten tur på Stoff og Stil og finne noko fint. Buksa er sydd etter oppskrift frå Barnetøy du selv kan sy- 0-4 år.

Pellefantjakke.

Denne jakka har vel vert mitt største syprosjekt så langt, morro å prøve, men uheldigvis orker eg sjeldent å dra fram symaskina (blir så masse rot). Sydde den til Tobias, men blei lite brukt, kanskje får Tuva brukt den meir? Vi får sjå.

Sit og blar i Barnetøy du selv kan sy- 0-4 år av Elisebeth Gynther, og lar meg inspirere igjen. Kjenner at sannsynlegheita for at eg skal sy igjen snart er stor, med tanke på at eg har to skriftelege skuleoppgåver å jobbe med. Alt anna enn skulearbeid er morro!

torsdag 8. september 2011

Nokre små hint frå mi fortid (enn så lenge) som kunstner:













Klovnekjole.

Etter ei oppskrift fra Nøstebarn enda strikketøyet mitt opp til å bli denne "Klovnekjolen". Skjørtdelen er ein god del større enn det originalt skal vere, klarer visst aldri å følge mønsteret heilt etter punkt og prikke.
Ein leiken og fargerik kjole perfekt for kalde haust-og vinterdagar.

Leikevest.

Her er ein enkel vest etter oppskrift fra Pickles. Kan du berre strikke skjerf, seier du? Da kan du strikke denne vesten også, superenkel, og så blir den så fin! Prøv da vel!


Tuva er modell, ikkje heilt frivillig, da ho er sliten og lei etter barnehagen, og helst berre vil tegne (Og ja, eg må begynne å bruke annet kamera enn mobilkamera, det er bare det at det alltid er tilgjengelig, og som regel ikkje langt unna).

tirsdag 6. september 2011

Kløgenser!


Genser etter oppskrift på Pickles. Ettersom eg skulle ha genseren større brukte eg tjukke pinner og tjukt garn, og hadde derfor ikkje heilt kontroll på kor stor denne genseren skulle ende meg å bli- den blei stor! 
Genseren, som er strikka av restegarn, enda opp i maskina på 40 grader og er no tjukk og god, eller skal vi sei stiv og veldig kløete (som Tobias seier). Tobias nekte å bruke denne genseren, men var grei og tok den på seg sånn at mammaen kunne ta bilde av den fine guten i kløgenser.




  "ÆÆÆæææææ, mamma, det kløøør!"
"Ja, men prøv å smil ein gang, så er vi ferdig":

Rosa strikkehue.




Rosa strikkehue etter ei oppskrift eg fikk av besta mi. Denne hua strikka eg før Tuvia blei født, og rett etter at eg fikk vite at eg bar på ei jente i magen, derav veldig rosa. Hua blei litt stor, så den bruker ho enda den dag i dag. Det som er så kjekt med strikketøy er at det er så elastisk at det kan brukast lenge, i alle fall om ein strikker litt laust.

Her er Tuva ute og tester hua ein klar haustformiddag for ca eit år sidan--->


<--Brukt seinest i dag