Viser innlegg med etiketten Babyklær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Babyklær. Vis alle innlegg
mandag 12. september 2011
Ikeabukse
Denne buksa og hua sydde eg til Tuva når ho var mindre, og får eg ånden over meg skal eg sy ei ny til ho så snart symaskina kjem fram på stovebordet igjen. Stoffet er kjøpt på ikea, skulle egentlig berre prøvesy, men det enda altså opp med å bli ei bukse, ei godt brukt bukse. Neste gang blir det nok eit anna stoffvalg, får ta meg ein liten tur på Stoff og Stil og finne noko fint. Buksa er sydd etter oppskrift frå Barnetøy du selv kan sy- 0-4 år.
tirsdag 6. september 2011
Rosa strikkehue.
Rosa strikkehue etter ei oppskrift eg fikk av besta mi. Denne hua strikka eg før Tuvia blei født, og rett etter at eg fikk vite at eg bar på ei jente i magen, derav veldig rosa. Hua blei litt stor, så den bruker ho enda den dag i dag. Det som er så kjekt med strikketøy er at det er så elastisk at det kan brukast lenge, i alle fall om ein strikker litt laust.Her er Tuva ute og tester hua ein klar haustformiddag for ca eit år sidan--->
<--Brukt seinest i dag
mandag 5. september 2011
Babypose.
Denne mjuke og gode babyposen skulle eg strikke til Tobias, men blei aldri heilt ferdig, mangla hette. Etter nesten tre år klarte eg å få ferdig hetta (rart kor mykje ork små ting kan vere) og posen blei akkurat klar til Tuva kom.
Brukte ingen oppskrift på denne, så den blei til mens eg strikka. Hetta blei derfor litt stor, og armane litt lange, men kva gjer vel det når Tuvisen tar seg så godt ut i koseposen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)