mandag 5. september 2011

Babypose.



Denne mjuke og gode babyposen skulle eg strikke til Tobias, men blei aldri heilt ferdig, mangla hette. Etter nesten tre år klarte eg å få ferdig hetta (rart kor mykje ork små ting kan vere) og posen blei akkurat klar til Tuva kom.

Brukte ingen oppskrift på denne, så den blei til mens eg strikka. Hetta blei derfor litt stor, og armane litt lange, men kva gjer vel det når Tuvisen tar seg så godt ut i koseposen.


søndag 4. september 2011

Sushi er yndlingsmat her i huset, det er lett og god mat, og ein kan varriere innhaldet slik at ein aldri blir lei. Om ein ikkje orke å lage finst det gode restaurantar (om ein bur i Bergen) ein kan luxe seg på  sånn av og til. Vil anbefale å prøve ut Sushi Sagrada på Zachariasbryggen, der får du mat du (i alle fall eg) drøymer om lenge etterpå. *Sikle*

Sidan det kostar litt å ete ute, så får eg berre fortsette med eksperimentere her heime. Neste gang vil eg prøve med kveite og philadelphiaost blandt anna. Gler meg allerede.

Strikka korg.














På Picles.no finn eg mykje av ideane på det eg lagar. Fant mellom anna strikka korger, som eg har prøvd meg på her i ulike størrelsar. Nokre har eg tova og andre ikkje. Korgene kan brukast til så mangt, som å ha skrot i, skjule kjedelige blomsterpotter,brødkorg, garnkorg, til pynt, du kan bruke den til akkurat det du vil. Det som er morsomt med dei er at dei er lette å lage, og
tek ikkje lang tid, noko som er eit must for meg som vil sjå resultatet med ein gang. Utolmodig sjel.

fredag 2. september 2011

Har du lyst til å forevige minnet om den store, tunge magen? Då gjer du som meg, kjøp vaselin og ei eske med gips, og gris i veg. Det kan vere godt med ei hjelpande hand når heile skalet nermar seg ferdig og løsnar frå magen, det heile kan fort virke ein smule uhandterlig, men det går fint.
Du kan lakke magen, pusse den, eller male den. Eg har ikkje gjort noko med den, og tvilar på at eg kjem til å gjere noko no, nesten to år etter, men du kan jo gjere noko fantasifullt med den.

Magen min heng på soverommet, ikkje noko eg har lyst å ha hengande i stova akkurat, men det er litt koselig å sjå på den og tenke at det ein gang låg ein baby inne i den. Eit skal av magen, som ein gang var så stor.

Diverse gammalt og nytt strikk. Prøver å finne ny giv.










torsdag 1. september 2011

Palle palle palle, må ha det, men ka skal eg lage?


No har denne pallen stått her og samla støv i heile sommar, rimelig lei heile pallen igrunn. Det var altså på høg tid å lage nåke av den, eller gi slepp på den (klar beskjed fra mannen i huset). Når MUN får kniven på strupen, så kan det skje ting, som dette:













Kanskje ikkje den mest
fancy puffen, men den er
veldig funksjonell for kattar
og barn, særlig når sønnen
i huset på 4 mediterer
(tydeligvis) ,og når katten
treng ein smart plass å
gøyme seg på. Kan altså
brukast til så mangt.

onsdag 31. august 2011

Fargerik perleskål.




Har du masse perler? Då kan du lage deg ei skål eller to. Blei inspirert på nettet, og det finst mange sider med gode forklaringar, t.d. her. Kjempelett og veldig morro, særlig for mor.