fredag 2. september 2011

Har du lyst til å forevige minnet om den store, tunge magen? Då gjer du som meg, kjøp vaselin og ei eske med gips, og gris i veg. Det kan vere godt med ei hjelpande hand når heile skalet nermar seg ferdig og løsnar frå magen, det heile kan fort virke ein smule uhandterlig, men det går fint.
Du kan lakke magen, pusse den, eller male den. Eg har ikkje gjort noko med den, og tvilar på at eg kjem til å gjere noko no, nesten to år etter, men du kan jo gjere noko fantasifullt med den.

Magen min heng på soverommet, ikkje noko eg har lyst å ha hengande i stova akkurat, men det er litt koselig å sjå på den og tenke at det ein gang låg ein baby inne i den. Eit skal av magen, som ein gang var så stor.

Diverse gammalt og nytt strikk. Prøver å finne ny giv.










torsdag 1. september 2011

Palle palle palle, må ha det, men ka skal eg lage?


No har denne pallen stått her og samla støv i heile sommar, rimelig lei heile pallen igrunn. Det var altså på høg tid å lage nåke av den, eller gi slepp på den (klar beskjed fra mannen i huset). Når MUN får kniven på strupen, så kan det skje ting, som dette:













Kanskje ikkje den mest
fancy puffen, men den er
veldig funksjonell for kattar
og barn, særlig når sønnen
i huset på 4 mediterer
(tydeligvis) ,og når katten
treng ein smart plass å
gøyme seg på. Kan altså
brukast til så mangt.

onsdag 31. august 2011

Fargerik perleskål.




Har du masse perler? Då kan du lage deg ei skål eller to. Blei inspirert på nettet, og det finst mange sider med gode forklaringar, t.d. her. Kjempelett og veldig morro, særlig for mor.


søndag 3. juli 2011

Gamle kasser, boss eller gull?



Ja, eg har fått kassedilla, og her er dei nyaste og finaste kassane mine. Fant dei i kjellaren til min kjære svigerfar, reine skattekammeret. 4 hjul skal på og vips - leikekassar! Boss for svigerfar, gull for meg.



Resultatet:

Etter å ha latt meg inspirere av flinke Tonje på Tyrisol, har eg no komt igang med bestemorruter. Skulle prøve å lage ei rute med restegarnet mitt, noko som no har blitt til fem. Kva skal eg laga av desse rutene, som eg eigentleg ikkje likar fargesamansetningen på? Noko større enn ei pute blir det nok ikkje da eg ikkje pleier å holde ut så lenge med slikt rutearbeid, men morro å prøve.



Den gang vi kom til verden da fikk vi en presang,
et nøste med vår skjebne, og ingen vet hvor lang.
Da la vi alle masker opp til livets strikketøy,
der vil det stå i mønsteret når vi jukset og vi løy.